No sitter eg her med følelsen av at SNART må vi bli kvitt alle rester av jula - julekakene, sjokoladen, lefsene.....
For når eg ser meg i speilet - ei halvgammal kjerring kor det meste henger ned,
eg løfter opp brysta og ønsker meg tape :-)
Da innser eg at no MÅ eg vel til pers igjen....
men til over helga - ein gang.
først skal det nytes siste rest av jula - før den pakkes vekk.
Det er jo SÅ koselig å pynte til jul i slutten av november,
og kose seg fram mot jul, men det er jo også koselig å nyte eit julepynta hus, før ein fjerner alle spor etter jula
Mine nyttårs forsett er vel slik som nesten resten av norge :
spise mindre, trimme meir osv.....
MEN ; eg vil prøve å vere meir snill mot meg selv, mot dei eg er SÅ glad i,
prøve å ta dei rette valga, ikkje henge seg opp i bagateller,
livet skal nytes og ikkje stresses
ok ;)
Men eg MÅ bli litt flinkare til å spise rett, sove meir,
drikke mindre pepsi max og meir vann....
( i kvardagen iallefall, for dei er det mest av )
Eg går jo med skritt teller - og ser jo at eg klarer stort sett kvar dag å komme over 10.000 skritt ;)
og det er jo bra, men tenk om eg klarte 15.000
men det blir ikkje så mye turer ute no når det er SÅ kalt, berre mellom hus og fjøs